A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Fortsatt sterk vekst i folketalet

Hittil i år har det vært ei auke i folketalet i Forsand på vel 3 %. Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at Forsand hadde ei folkemengd på 1226 innbyggjarar 1.10.2012, mot 1190 innbyggjarar ved inngangen av året. Dette gjev ei folketilvekst i Forsand på 36 så langt i år.
Baby
Baby


Sjøl om fødselsoverskottet er negativt, meir enn oppveier tilflytting dette - nettoinnflyttinga er på 40 personar dei tre første kvartala.

Ordførar Ole Tom Guse gleder seg sjølsagt over auken:

-Dette er veldig positivt, og viser at folkeauka me såg tidlegare i år ikkje var noko blaff - trenden med jamn og god tilflytting fortsett, seier Guse, og minnar nok ein gong om at det har vært auke i folketalet i Forsand kvart år siden 2005 - og at det er plass til fleire.

-Me er attraktive - også etter Ryfast - både for dei som ikkje tidlegare har hatt tilknyting til kommunen, men og for tidlegare utflytta Forsandbuar som no vil heim igjen.

-Særleg positivt er det at me har hatt ei slik auke i folketalet dei seinare åra  med eit avgrensa boligmarked. Med dei nye bustadfelta i Bergevik og Bergebakkane vil tilgjenge til byggjeklare tomter bli ein anna.

-Som politikar ser eg og spanande utfordringar framover med omsyn til å leggje til rette for tilveksten med gode vilkår for barnehage og skule.

Les meir om folketilveksten i Forsand og Rogaland her: Folkemengd i Rogaland 1.10.2012, SSB

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett