A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Trivst du med å arbeide med menneske?

Forsand pleie og omsorg treng deg i sommar!

Skaff deg sommarjobb idag: Vi har behov for vikarar til både institusjon og sjukepleie, samt dagleg drift, og treng både helsepersonell og medarbeidarar til kjøkken, vaskeri og reinhald.
Kjerag © Perly Berge
Kjerag © Perly Berge

Om du vil ha ein interessant sommarjobb midt i storslagen natur, med kort veg til Lysefjorden, Preikestolen og Kjerag, har du sjansen no:

Pleie- og omsorgsseksjonen har behov for vikarar til:

  • Institusjonsteneste (somatisk og skjerma)
  • Heimesjukepleie og heimehjelp.
  • Teneste på natt
  • Kjøkken
  • Vaskeri
  • Reinhald

Bur du på Sandnes eller Jæren, eller i Stavanger for den saks skuld, er Forsand slett ikkje så langt unna: frå Sandnes tek det ein halv time med bil, og åtte minutt med ferja, så er du her - og du slepp å bruke sommardagen i kø på motorvegen.

Du kan jo i staden ta ein tur i kajakk på fjorden?

Me vil helst ha sjukepleiar/hjelpepleiar/fagarbeidar til institusjon og heimesjukepleie og erfaring frå tilsvarande arbeid er ein fordel. Du bør ha gode kunnskapar i norsk. Skal du arbeide i heimetenesta må du ha sertifikat.

Les meir om stillingane her:Sommarvikar PLO

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett