A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Forsand kommune - ein SLT kommune.

SLT står for samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak og blei oppretta i Forsand kommune i mai 2004. Forsand fekk då tildelt kr. 50.000 frå Kriminalitetsførebyggjande råd (KRÅD) til å starte opp som SLT kommune.
SLT er ein samordningsmodell der målet er å få mest mogeleg ut av allereie iverksatte tiltak for barn og unge mellom 12 – 18 år ved at dei ulike seksjonane samarbeider, støttar og utfyller kvarandre.

Fokus på det førebyggjande arbeidet er å hindre at kriminalitet får utvikle seg blant barn og unge i Forsand kommune.


Styringsgruppe:
Ordførar Ingeborg Søyland
Rådmann Terje Nysted
Kulturleiar Eva Landre Meling
Helse- og sosialleiar Elsa Løland
Rektor Jarle Neverdal
Lennsmann Oddbjørn Næss
SLT – koordinator Merete Henriksen, sekretær

Styringsgruppa har ansvar for overordna koordinering av det lokale førebyggjande arbeidet og for framdrifta i SLT arbeidet.


Tiltak i perioden 2005 – 2006

Ungdomsarbeidar 30% stilling.
Tor Inge Sønderland er tilsett som ungdomsarbeider. Han har fagkompetanse som vernepleiar og har brei erfaring med barn og unge. Tor Inge skal vera tiknytta den nyoppstarta fritidsklubben og han skal også dels ha ein koordinerande funksjon opp i mot lag og organisasjonar. Ungdomsarbeidaren skal også samarbeide med psykiatritenesta og helsesyster ift. t.d aktivitetskveldar på kulturhuset.
Kommunens ungdomsråd er også ein aktuell samarbeidspartnar.

Samarbeid politi – skule.
Politiet har møter/temadagar på skulen ein gong i halvåret. Aktuelle tema:
· alkohol og illegale rusmidlar
· sikrare moped- og bilkøyring: Stoppe uvettug køyring i alkoholpåverka tilstand.
· Langing/nasking

Politiet har møte med butikkeigarane i kommunen.
Politiet har møte med butikkeigarane i kommunen der tema er korleis ein kan handtere problem som nasking/steling. Dette skjer også i Forsand kommune og det har ikkje vore tradisjon for å anmelde slike forhold. Sjølv om det ikkje er eit utbredt problem, så kan det fort utarte seg dersom ein lar dette passere.

Informasjonsmøter/Temadagar.
Ein ynskjer å invitere foreldra til barn og unge i skulen til temadagar der ein set fokus på aktuelle problemstillingar/utfordringar i vår kommune.

Det kan vera aktuelt å dra fleire inn ift. aktuelle tema: Psykiatritenesta, helsesyster, barneverntenesta, skule, ungdomsråd, Fau.


Dersom du har forslag til aktuelle tema eller andre innspel til SLT arbeidet, så kan du ta kontakt med SLT korordinator.


SLT- koordinator: Merete Henriksen tlf. 51 70 00 00 ,
e-mail: mhs@forsand.kommune.no
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett