A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Flott kveld med stor musikk av Boffyflow and Spike

Det vart ei fin musikkoppleving for dei som hadde tatt turen til Aktivitetssenteret sist fredag. Ein handfull tilhøyrarar fikk nærast ein privatkonsert med fengande americana, iblanda irsk folk med elementar av klassisk, balkanrock og norsk folkemusikk(!).
Boffyflow and Spike
Ein rå kveld med Boffyflow and Spike

Boffyflow and Spike (Pete Johansen og Jonathan Hall) gav til gode ein konsert som varma, med framifrå prestasjonar på fiolin og gitar, og skapte ei magisk stemning for tilhøyrarane.

Låtane veksla mellom melankolske balladar og rå folkrock, heile tida med spanande innslag av klassisk musikk og ein herleg miks av balkaninspirert norsk folkemusikk.

Det einaste negative med kvelden var det dårlege oppmøtet - dette var stor musikk som hadde fortent eit større publikum. Det kan bli vanskeleg å oppretthalde kulturtilbodet framover med så laber interesse.

 

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett