A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Fiber til Rossavik?

Forsand elverk vurderar i samarbeid med Forsand kommune å leggje nye fiberrøyr fram til Rossavik. Det er i samband med omleggjing av ei høgspentlinje at denne moglegheiten har dukka opp: 

Breiband

Dette kan bety at Rossavik-området blir bygd ut med fibernett om det er tilstrekkeleg interesse blant fastbuande og eigarar av fritidsbustader for å knyte seg til, og utbyggjinga er økonomisk forsvarleg for kommersiell tilbydar av innhaldstenester.

Området det er snakk om kan du sjå her: Fiberområde: Rossavik

Kjell Inge Bjørheim, leiar i Forsand elverk, seier at dei no er i ferd med å greie ut ei forlenging av høgspentlinja som no blir lagt ned i bakken opp mot Bråtane:

-På dette strekket til Bråtane legg me og ned fiberrøyr - om me då forlengjar strekket med høgspent i jord ned mot Øvre Rossavik kan me samstundes som me får fiber fram der, leggje ned ei strekning med høgspent i luft. Elverket har bedt om støtte frå kommunen for å få dette til.

Ordførar Bjarte Dagestad ser positivt på planane:

-Det er flott at Forsand elverk ser samfunnsnytta i å tenke to tankar på ein gong: Forsand elverk vil spare penger på å leggje ned eit luftspenn, og innbyggjarane vil få moglegheit for fiber - om det då er kommersielt utbyggbart for innhaldsleverandørar.

-Eg har allereie gitt Forsand elverk tilsagn om økonomisk støtte til utbyggjinga.

Dagestad seier vidare at Forsand kommune er i dialog med Telenor om saka: -Me håpar at mange nok av innbyggjarane og hyttefolket teiknar seg på slik at dette blir interessant for våre samarbeidspartnarar Telenor og Canal Digital som skal stå for fiberutbyggjinga som allereie er bestemt for sentrale delar av Forsand. Ei slik forlenging av fiberrøyra vil kanskje og, på sikt, gjere det lettare for utbyggjing av fiber til Helle og Espedalen.

Bebuarar i området kan melde sin interesse for fiber ved å sende ein e-post til:

regionvest@canaldigital.no

Husk å oppgi referanse:

  • Prosjekt Forsand/ Rossavik
  • Namn og adresse, e-post og telefon
  • Gards- og bruksnummer (det finn du her: Forsand kommune - eByggWeb)

Pga ferieavvikling kan det ta litt tid å få svar frå Canal Digital.

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett