Fagdagane går over to kveldar i k-salen på kommunehuset:
onsdag. 24 oktober og torsdag 25. oktober frå kl 18:00 – 21:30
Fagkveldane er for deg som dagleg arbeidar tett på barn og unge i det offentlege eller på fritida i lag- og organisasjonar.
Begge kveldane inneheld spanande case, film og diskusjonar i tverrfaglege grupper slik at me alle kan bli betre på å reflektera rundt kva dette betyr for oss sjølve i ulike rollar.
Onsdag 24. oktober; den første kvelden, er me så heldige å få Leif Arne Helgesen til å halda foredraget «Det fantastiske barnet med sin kompetanse og sin sårbarhet.». Han blir med oss heile kvelden og vil dermed bidra i gruppediskusjonar og kunne svare på spørsmål.
Leif Arne Helgesen er universitetslektor ved Det samfunnsvitenskaplige fakultetet ved Universitet i Stavanger. Han arbeidar for tida med et forskingsprosjekt om psykologiundervisninga i sosialt arbeid og barnevern.
Torsdag 25. oktober, andre og siste kvelden, vil barnevernstenesta i Forsand presentere barnevern generelt, samt gå meir inn i korleis dei jobbar her lokalt.
Enkel servering.
Påmelding innan fredag 19. oktober til elm@forsand.kommune.no
Arr: Den kommunale SLT-gruppa med støtte frå KRÅD