A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Breiband til Forsand

Forsand kommune har i fleire år arbeidd for å gje innbyggjarane betre internett og mobildekning. I samarbeid med Forsand elverk har Forsand kommune no inngått avtale med Telenor om å starte utbyggjing av breiband i kommunen:

Breiband
Breiband

I første omgang er det områda frå Bergekleiva, sentrale deler av Forsand med Fossanhagen og Bergebakkane fram til og med Rettedal som er omfatta av intensjonsavtalen, sjå kart under.

Telenor vil frå i dag av kontakte husstandar i området som kan teikne seg for breiband med innhald frå Canal Digital.

I neste omgang står resten av kommunen for tur, både kva gjeld utbbyggjing av internett og utbedring av mobildekning.

Forsand kommune har som mål å ha fullført utbyggjing av breiband for mesteparten av husstandane i kommunen i løpet av to år frå anleggstart.

Fase 1

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett