A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Breiband i Forsand - høyring

Regjeringa har etablert ei stønadsordning som skal finansiere breibandutbygging i områder der dei kommersielle aktørane ikkje finn det lønsamt å byggje ut breiband.

Tilskotsordninga blir forvalta av Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) i samspel med fylkeskommunane. 

Forsand kommune vil søkje om tilskot til utbygging av breiband i spesielle område i kommunen. Eitt av krava i søknaden er at planen for utbygging skal ha vært på høyring. 

Bedrifter og innbyggjarar som ynskjer å uttale seg til høyringa må gjere dette innan 30. april 2017. 

 

Breiband

Den offentlege stønadsordninga for gjeld for heile landet og støtta skal fordelast på utvalde kommunar. Kommunar og fylkeskommunar kan søke Nkom om støtte. 

Du kan lese meir om den nasjonale stønadsordninga her: Breibandutbygging (Nkom)

Forsand kommune har i fleire år arbeidd for at innbyggjarane skal ha eit godt og stabilt tilbod om digital kommunikasjon både gjennom fast- og mobilnett. Det er i dag berre nokon få private husstandar i Forsand med tilgang til fiberbasert aksessnett. Dei fleste husstandar har tilbod om eit aksessnett basert på ADSL og radiolinje med varierande kapasitet og kvalitet.

Dagens samfunn baserer store deler av både det offentlege og private tenestetilbodet på at innbyggjarane har tilgang til internett.

Rogaland fylke har generelt god dekning av høghastigheit breiband. Utbyggjingsbehovet i kommunane varierar likevel mykje. Kommunar med spreidd busetnad har store utfordringar med eit godt tilbod til alle.

Forsand kommune har nyleg inngått avtale med Telenor om ein kommersiell utbyggjing av fiberaksess for private husstandar for sentrale områder i Forsand. Utbyggjing og utbetring av mobilt datanett fortsett, og nyleg fikk nye områder av kommunen tilgong til 4G-nett, og delar av Lysefjorden står for tur med 4G-nett i sommar.

Forsand kommune har sett av midlar til utbyggjing og utbetring av breiband og mobilnett.

For å betre situasjonen i Forsand vil kommunen søkje om tilskot til å bygge ut høghastigheit breiband til innbyggjarar, næringsliv og offentlege institusjonar i områder som i dag manglar eit tilfredsstillande tilbod. Ein søknad, og utfallet av den, forutset at områda det søkjast om kjem inn under kriterier sett av Nkom for tildeling av stønad.

Forsand kommune valde sist saka var oppe i 2014 å prioritere slik:

  • Fase 1: Forsand med bustadfelt, Forsandmoen og Rettedal, sjå kart her
    • områda er allereie dekka innafor avtalen med Telenor, og er ikkje ein del av søknaden til Nkom
  • Fase 2: Rossavik, Helle, Nedre og Øvre Espedal, strekninga Oanes - Meling, sjå kart her
    • andre områder kan og være aktuelle

Bakgrunnen for prioriteringa var at områda innafor Fase 1 var mogne for kommersiell utbyggjing, basert på eksisterande kommunalt fibernett, og avtale om utbyggingsplan med Telenor er no teikna som kommersiell breibandtilbydar innafor dette området.

Utbyggjing av Fase 2 vil bli lyst ut på anbod seinare i år.

Nkom har utarbeidd dekningskart som viser tilgjengeleg bandbreidde i kommunane. Dekningskarta er ikkje presise, i den grad at dei ikkje viser kva bandbreidde som faktisk er tilgjengeleg for brukarane, men heller viser kva tilbydarane av breiband meiner er tilgjengeleg.

Nkom tillet ikkje publisering av dekningskart då tilbydarane av breiband ser på dekningsgrad som forretningssensitiv informasjon.

Forsand kommune vil likevel gjerne ha tilbakemeldingar frå innbyggjarar, næringsliv og andre aktørar på faktisk målt hastigheit. Dette kan bli brukt som underlagsmateriale i søknaden. 

Det er berre resultat frå målepunkt omfatta av Fase 2 som innbyggjarane no blir bedne å sende inn uttale om:

  • Klikk her for å sende elektronisk høyringsuttale: Breiband i Forsand Merk uttalen: «Høyringsuttale breibandutbygging 2017»
  • Innspel kan og sendast på e-post til post@forsand.kommune.no og merkast «Høyringsuttale breibandutbygging 2017».

Merk målinga med namn, adresse eller gards- og bruksnummer (GBnr.). Om du ikkje kjenner adresse eller GBnr. finn du dette her: eByggWeb

For måling av bandbreidde kan du bruke verktøyet: nettfart.nobredbandskollen.se eller speedtest.net

 

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett