A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

-Ikkje grunnlag for tilskot likevel:

Breiband i Forsand – arbeidet vidare

Det viste seg at Forsand kommune likevel ikkje hadde rett på tilskot til utbetring og utbygging av breiband gjennom ordninga til Post- og teletilsynet (PT) som blei kunngjort i mai. Dette blei klart etter ei presisering av tildelingskriteria frå PT i siste liten. Områda som var peika ut for Fase 1 fall dermed utafor ordninga. Rådmann Søren Jensen seier seg lei for at Forsand kommune på denne måten blei definert ut av stønadsordninga:

Breiband
Breiband

-På grunn av uryddige kriterium og urealistisk tidsfrist hadde Forsand kommune dermed ikkje grunnlag for å søke tilskott til breibandutbygging i denne omgang. Administrasjonen arbeidar likevel vidare med ulike alternativ for utbygging av breiband, og kjem tilbake med meir informasjon om framdrift i saka til hausten. Kommunestyret blei informert om utviklinga i siste møte den 18. juni.

-Samtidig vil eg takke dei som sendte inn uttale til høyringa om breiband - og oppmode fleire om å gjere det same - alle innspel vil komme godt med i prosessen vidare.

Her kan du lese meir: Breiband i Forsand

 

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett