A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Ausekaret - har du meldt inn din kandidat?

Tove Nedrehagen på Kulturkontoret i Forsand minnar om at det no er høve til å sende inn forslag på kandidatar til Ausekaret 2012 - som er Forsand kommune sin årlege kultur- og miljøpris.
Frå Landaspelet 2011
Frå Landaspelet 2011


Det er høve til å komme med forslag på einskilde personar, lag og slutningar, og andre som har utført eit særleg verdfullt arbeide innafor kulturområdet eller i nærmiljøet.

Ausekaret vart sist delt ut i 2010 og då gjekk prisen til Steinar Haaland for hans innsats gjennom mange år for Forsand IL og felleskapet i Forsand.

Frist for å komme med forslag er 1. november.

Innsendte forslag bør innehalde ei kort grunngjeving.

Forslag vert sendt:

tne@forsand.kommune.no

eller

elm@forsand.kommune.no

eller i post til:

Kulturkontoret
Forsand kommune

4110 FORSAND


Har du spørsmål eller innspel tek du kontakt med Kulturkontoret ved:

Tove Nedrehagen, 51 70 01 22, måndag, tysdag og torsdag, eller:

Eva Landre Meling, 51 70 01 44, måndag til fredag




 
 

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett