A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Alkovett når det buttar imot

Nokre gonger er livet kjipt. Alkohol kan verke som eit enkelt val når ein ønskjer å slappe av og gløyme problema. Alkoholen gir kanskje ei kortvarig betring, men på lengre sikt kan han forlengje eller forverre dei vanskelege tidene. Vi ønskjer å minne om at det er lurt å finne glede i noko anna enn alkohol.

Vi møter alle utfordringar og motgang i livet. Vi blir skilde, vi mistar jobben, nokon vi er glade i, blir sjuke, vi blir stressa, eller vi føler at presset blir for stort. Å ty til alkohol når det buttar imot, er ein vanleg strategi. Men alkohol kan forsterke dei vanskelege kjenslene vi prøver å komme unna, og kan vere med på å bruke opp dei kreftene vi treng for å jobbe oss ut av ein krevjande situasjon. For nokon kan det vere starten på ein karusell som ikkje stoppar av seg sjølv – eit eskalerande alkoholforbruk som kan føre til avhengigheit og alkoholproblem.

Snakke om det vanskelege, finne noko å gle seg over

Det er lurt å finne andre måtar å jobbe med eller ta pause frå utfordringa du står oppi. Snakk med nokon du har tillit til, set ord på det du opplever. Kontakt fastlegen din, RUS-telefonen eller helsesøster. Det er viktig at du hugsar å finne noko å gle deg over. Gjer noko kvar dag som gir glede – smått eller stort.
Kva gjer du dersom du kjenner nokon som slit? Snakk med personen det gjeld, fortel at du er uroleg på grunn av drikkinga hans eller hennar. Vis at du bryr deg. I staden for å invitere til eit glas vin ein kveld kan du foreslå at de kan gjere noko saman, noko du veit at vedkommande liker. De kan til dømes spele fotball, gå på ei utstilling, ta ein tur i skogen – eller noko heilt anna.

Det er menneskeleg å ha det vanskeleg. Alkovett er å ikkje fylle på med meir når det alt er litt for mykje.

Vi er ein AV-OG-TIL-kommune og samarbeider med AV-OG-TIL om alkovett og det å vere bevisst på skadeleg alkoholbruk. På heimesidene til AV-OG-TIL kan du lese meir om desse temaa:

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett