Logo PiltOla

Hendingar
06.05.10 "Norske attraksjonar" og Pilt-Ola
TV-programredaksjonen for "Norske attraksjonar" vurderte lenge å laga eit program frå Lysefjorden, der Pilt-Ola var aktuell å medverka.

13.04.10 Møte på biblioteket
Kom og sei di meining om kva slags minnesmerke me bør ha over Pilt-Ola, og ev. kor dette bør setjast opp ?

10.03.10 Mimrekveld på Meling bedehus
Tema "det store brislingkastet på Skeivik i 1959". Pilt-Ola og "dei viktige¨" lokale framstega som skjedde i 50-60 og 70 åra.

17.09.09 Pilt-Ola marsjen 2009
I år blir Pilt-Ola marsjen arrangert til minne om den tragiske ulykka i Haukalidvatnet hausten 1909. Det vil bli lagt ned krans ved minnesteinen, og nede ved vatnet i Haukalid blir det ei enkel minnegudsteneste. Start frå skulen kl 13:00.

13.09.09 Det store kastet
Det er i år 50 år sidan det blei tatt rekordfangstar brisling i Høgsfjorden. I indre Skeivik blei det gjort eit stort kast, og dette vil me rekonstuera. Folk som var med og fiska, og folk som såg på, vil fortelja. Egil Harald Grude blir med og fortel sin bit av historia om fisket i fjordane.

Pilt-Ola sine måtar å salta sild på vil me òg fortelja om, og Synnøve Virkesdal vil lesa frå boka si, 9 kvinneliv.

08.09.09 Sjøhuset i Bergevik
Kåseri på sjøhuset kl 19:00. Fiskesuppe og syrekaker.

16.08.09
Program om Pilt-Ola på Landa. Startar kl 13:30.

26.07.09
Program om Pilt-Ola på Landa. Startar kl 13:30.

05.07.09
Program om Pilt-Ola på Landa. Startar kl 13:30.

21.06.09
Program om Pilt-Ola på Landa. Startar kl 13:30.