Logo PiltOla

Hendingar
3. Visste du at.....
Pilt-Ola førte store flokkar med tamrein frå Finnmark, heilt sør til Ryfylke - og Sirdalsheiane.Han var opptatt av at folk i fjellbygdene måtte få meir å leva av, og heiane låg unytta. Har synt seg at desse dyra har gitt oss ein meir robust stamme heilt fram til i dag.
4. Visste du at.....
Pilt-Ola utvikla ei effektiv ulvegift, som blei brukt over heile landet. Ulven herja fælt i heiane, og forsynte seg grovt av alt bufe på den tida. Dei gode heiebeita var difor meir og mindre verdilause. Tapa var for store.

4. og 5.11.10 "Det store kastet" på skulen
Her får dei eldste elevane på skulen følgja ei autentisk hending. Pilt-Ola komiteen fortel om notlaget som våren 1959 fekk "det store kastet" på Skeivik. Brislingen og brislingsfiske var viktige for levekårsa til folk som levde for 50 år sidan og ikkje minst var fiske ei viktig verdiskaping

5.11.10 "Eventyret om brislingane Tilja og Tofte" på skulen
Pilt-Ola komiteen har program for 1-4klasse på skulen. I forteljinga følgje me brislingane frå Høgsfjorden og ut i den store vide verda. Elevane får læra om fisk og fiskemetodar, slik også Pilt-Ola dreiv fangst for mest 200 år sidan

20.10.10 Pilt-Ola prosjektet tek initiativ til nytt sogelag i Forsand
Bli med å starta opp igjen sogelaget i Forsand. Kom på biblioteket onsdag 20.okt. kl 19. Høyr Torunn Levik fortel om far sin Torgeir Espedal, også kalla "Ryfylkevegen sin far". Drøfting av ny logo som blir "sponsa" av Pilt-Ola prosjektet.

12.09.10 Kulturminnedagen, besøk Sisselhuset på Levik
Tema i år er Nytt liv i gamle minne. Me besøker Sisselhuset som blei restaurert i 2008. Grunneigar saman med Forsand kommune, Rogaland fylkeskommune og Ryfylkefondet finansierte restaureringsprosjektet. Minst muleg av treverket blei skifta ut, helst bare reparert. I dette huset budde Sissel Ivarsdotter frå 1920 til 1935. Huset blei bygd i 1842, seinare påbygd i 1880. Huset er ein sjeldan kulturskatt med stovehus bygd saman med driftsbygningen, det einaste huset av denne typen i Forsand kommune.

08.09.10 Herborg Kråkevik fortel om Pilt-Ola
I samband med konserten "Kjære Ryfylke" ein kvinnekabaret fekk Herborg Kråkevik tilsendt tekstar som blei framførte på konserten hennar i Gildehallen 9.september.

05.09.10 Pilt-Ola marsjen 2010
I år arrangerar Forsand mållag den årlege Pilt-Ola marsjen til Løybakkjen i Fossmork.

13.07.10 Pilt-Ola som vegvisar for Lysefjorden
Hefte om Pilt-Ola og Lysefjorden som er på 27 sider med tekst, foto, kart og illustrasjonar er no til sals for kr 30.

Sommaren 2010 Utstilling om Pilt-Ola på Flørli
I tida 27.juni til og med 15.august er det utstilling om Pilt-Ola i Flørli gamle kraftstasjon