A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

20 år på kafé Mulen

Olga Espedal har i tjue år sørgja for at store og små har fått påfyll av både vått og tørt i kafé Mulen på Kulturhuset. Det såleis på sin plass å takka ho for lang og tro tjeneste som heldigvis ikkje er over enno:
Olga Espedal
Olga Espedal
-Takk til Olga for gode hamburgarar, aldri sviktande godt humør, og takk for at ho og medarbeidarane hennar skapar ei slik god stemning og heimsleg tryggleik i Kulturhuset, seier kulturleiar i Forsand, Åshild Hus.

Kafé Mulen vert av dei fleste verdsatt som eit positivt tilbod i bygda, både for innbyggjarane og dei mange tilreisande som nyttar Kulturhuset i Forsand.

Både basseng og kafé er godt besøk gjennom heile året.
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett