A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Husk båndtvang

Det går mot lysare tider og då kan det være greit å minne om politivedtektene og forskriften for hundehald som gjeld i Forsand.

Me gjør særleg merksam på bandtvang i utmark der bufe beiter.
I forskriften om hundehald i Forsand kommune leser me mellom anna:

Lovføresegner om sikring av hundar

§ 3. Om bandtvang

Hundar skal haldast i band, innestengd eller inngjerda:

a) I bustad- og handleområde og ved offentlege institusjonar - heile året
b) På offentlege gang- og sykkelstiar – heile året.
c) I område der bufe går på beite, - frå og med 1. april til og med 15. oktober.

Unntatt frå bandtvangsreglane etter § 9 i hundelova er dressert bufehund når den vert nytta til å driva bufe, hund i aktiv politi og redningsteneste, eller under trening eller under prøving for slik teneste og hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra eller sjukt dyr.

§ 4. Om område der hundar ikkje skal ha tilgjenge:

a) Barnehagar
b) Kyrkjegardar
c) Skulegardar.

Unntatt frå denne paragraf er førarhundar for blinde og politihundar i aktiv bruk. Andre hundar har berre tilgjenge om det er i undervisningssamanheng og er etter avtale med ansvarleg for skule eller barnehage.
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett