A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Kunnskap, identitet, verdiskaping 2019

Høyring - Kulturminneplan

Forsand sin første kulturminneplan blir lagt ut for offentleg ettersyn.  Eit omfattande arbeid er grunnlag for planen og me ser fram til innspel frå interesserte.

kulturminneplan

 

Føremål med planen

- Kulturminner og kulturmiljø er viktige i vårt lokalsamfunn, i vår nye kulturminneplan blir me kjent med mange av desse

- sjå på sambruk mellom kulturminner, friluftsliv og reiseliv

- ønske å tilføra auka kunnskap og interesse for kulturminna

- stimulera til god og langsiktig forvaltning av kulturminneverdiene i den kommunale arealplanlegginga

- stimulera til bevaring og istandsetting av kulturminnene

- ha ein god handlingsplan med strategi og tiltak for bevaring av viktige kulturminner   

 

Kulturminneplanen er kommunedelplan for Forsand kommune.

 

Kulturminneplanen er blitt som ei fin historibok om Forsand kommune.  Mellom desse permane ligg viktig kunnskap som heilt sikkert kjem til nytte etter samanslåing med Sandnes kommune 1.1.2020.  Planen har fokus på at alle grendene skal vera representert i tekst og foto. Første presentasjon av planen var i april. Før politisk godkjenning i haust vil det bli grendemøter i Øvre Espedal, Meling og Lysebotn.

Les meir i desse dokumenta

 

Kulturminneplan : Kunnskap, identitet, verdiskaping 2019

Saksframlegg  Ettersyn av kommunedelplan for kulturminner.

 

I tråd med kommunestyrevedtak 38/19 den 22. mai 2019 blir kulturminneplanen lagt ut for offentleg ettersyn. Høyringsfrist er fram til 15. juli 2019.

Innspel kan sendast til Forsand kommune på e-post post@forsand.kommune.no eller til Forsand kommune, Fossanvegen 380, 4110 Forsand merka med 15/125.

Ev spørsmål kan rettast til kulturleiar Eva Landre Meling på telefon 51 70 01 44 / 952 00 841 eller på e-post elm@forsand.kommune.no

 

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett